Uprisen er ungdommens egen kåring av årets beste ungdomsbok. Nesodden bibliotek er så heldige at vi har fått snakket med alle de nominerte forfatterne til Uprisen 2021. Framover publiserer vi intervjuene her på nettsiden.

Les mer om Uprisen og de nominerte til Uprisen 2021.

-Fortell om boka di som en nominert. Hva og hvem handler den om?

-Boka Aleksander den store handlar om Alexander som kjem flyttande til Noreg og må finna seg til rette i den nye skulen. Han blir utpeika som eit mobbeoffer av ein gutegjeng som har høg sosial status, men i staden for å gøyma seg og ta imot driten bestemmer han seg for å ta igjen. Boka handlar om migrasjon, vald og identitet, men også om venskap og samhald. Den handlar ein gut på 14 år som prøver å finna ut kven han er, om han må slåst og bli valdeleg for å finna sin plass, eller om det finst andre måtar å hevda seg på. Kva gjer ein når ein når ein ikkje veit kva som er rett og galt? Er vald alltid gale? Det er opp til de som les boka å dømma. Eg anbefaler den for ungdom frå 12 år og oppover, og håpar at både pøblane og dei som går i klassen med pøblane vil lesa ho.

-Hva sier ungdom om boka di?

-Eg trur mange liker at det er mykje som skjer i boka, at den tek opp valdstematikken og utforskap. Og så er det sikkert mange ungdomar som ikkje liker boka, som liker andre bøker eller som ikkje liker bøker i det heile tatt, sånn er det jo alltid. Eg trur den beste måten å formidla boka i ein skulekvardag på er at læraren les den høgt til elevane. Det er ein del undertekst i boka, det vil seia ting som står mellom linjene, men mitt inntrykk er at ungdom er kvikke til å oppfatta underteksten om nokon les boka høgt. Faktisk var det ein 9.klassing som beinveges fann ein logisk brest tidleg i boka, som verken eg eller nokre av forlagsredaktørane klarte å oppdaga!

-Hvorfor ble du forfatter?

-Då eg var ungdom ville eg skriva songtekstar og bli med i eit band. Men eg fann aldri noko band og hadde null songtalent. Det eg skreiv gjekk då over til å bli dikt, og så tok det eine det andre og eg skjønte etterkvart at her fantes det ein måte å uttrykka kjenslene mine på som eg ikkje klarte på anna vis. Eg kunne nok ha slutta med å skriva og gjort noko heilt anna etter kvart som eg var ferdig med vidaregåande skule, og det var ikkje før eg kom i 20-åra at eg tok eit aktivt val og satsa på å bli forfattar.

-Fortell litt om deg selv.

-Eg bur på Bryne og har skrevet bøker for vaksne i fleire år. Då eg bestemte meg for å skriva ei ungdomsbok starta eg med å tenka tilbake på den tida eg sjølve var ungdom; kva var det som opptok meg, kva var viktig for meg då, og kva ville eg sjølv ha ønskt å lesa? Fakta er: Eg hata å lesa og skriva då eg var ungdom. Derfor måtte eg skriva ei bok som kanskje kunne ha fenga meg. Kven var eg som ungdom? Eg var ein slags pøbel. Ein som gjorde mykje gale på skulen og etter skuletida. Eg kom i trøbbel med politiet fyrste gong eg var 14 år. Det kunne gått ganske dårleg med meg, men eg henta meg inn og har etterkvart klart meg nokså greitt. Og det er viktig tema i denne boka – at sjølv om ein gjer galne ting, så går det an å henta seg inn igjen. Men ein må gjera det til rett tid, og ein må styra unna før ord blir til vald.

-Hva vet ikke folk om deg?

-Eg var 27 år fyrste gong eg såg ein katt pisse. Det gjorde veldig inntrykk på meg, eg hadde førestilt meg noko heilt anna!

-Hvilke ungdomsbøker av andre forfattere anbefaler du? Og hvorfor?

-Alle dei andre som er nominert til U-prisen, samt alle ungdomsbøker som er skrevne på NYNORSK!

-Hva er ditt tips til ungdom som vil bli forfattere?

-Les 100 sider for kvar side du skriv. Auk så til 200. Og hald fram med å lesa meir enn du skriv,  men ikkje slutt å skriv, for det blir betre til slutt, om du berre held ut. Tolmod og uthald er undervurderte dydar.

Se Nesodden biblioteks tidligere intervjuer med de nominerte ved å trykke Tidligere innlegg her på nettsiden.

Translate »
Share This